

MITT VINDAFJORD
Vurderer du å flytta til Vindafjord? Då har du kome til rett stad. Her er det godt å bu, leva og jobba. I Vindafjord møtest innovasjon, natur og eit levande lokalsamfunn. Her kan du få spennande jobbar, trygg oppvekst for barna og meir rom til å leva. Utforsk alt Vindafjord har å by på her.
Her bur folk godt og tenkjer stort. Verda er stor, men for oss byrjar den her.
Vindafjord i tal
Stadig fleire vel Vindafjord som ein stad å bu, jobba og leva.
- 9 219 innbyggjarar
- Nær 600 km² landareal
- Over 2 000 registrerte bedrifter
- Om lag 21 000 kr/m² i bustadpris
- 8 offentlege og private barnehagar, 7 offentlege grunnskular og 1 Montessoriskule
Reiseveg
Sentralt plassert på Haugalandet
Nær det du treng
Men langt frå stresset
Vindafjord ligg strategisk til mellom Haugalandet, Sunnhordland og E134 mot Austlandet.
Frå Ølen sentrum er det om lag:
- 45 minutt til Haugesund
- 50 minutt til Haugesund lufthamn Karmøy
- 1 time til Stord
- 2 timar til Stavanger
- 3 timar til Bergen
Mange opplever at dei kan bu landleg utan å gi avkall på moglegheiter
Når arbeidsdagen er over – er eventyret rett utfor døra
JOBB I VINDAFJORD
Vindafjord er heimstad for nokre av dei mest spennande verksemdene på Vestlandet. Her finn du internasjonale teknologiselskap, industriarbeidsplassar, energi- og logistikkverksemder og ein stor offentleg sektor.
Næringslivet i kommunen er unikt. Jordbruk og skogbruk står sterkt. Samstundes er det eit stort mangfald av ulike verksemder.
Her finn du alt frå enkeltpersonføretak til milliardbedrifter som er leiande både nasjonalt og internasjonalt
Gründerånd, innovasjon og vilje til å heia på kvarandre står sterkt i kommunen
Meir enn 1.600 personar pendlar
kvar dag til Vindafjord
Her er nokre av bedriftene som er med på å forma Vindafjord:

Vindafjord kommune er den største arbeidsgjevaren
Me jobbar tett på folk
Gjennom heile livet
BU I VINDAFJORD
BUSTAD
I Vindafjord er det framleis mogleg å kjøpa einebustad med hage, garasje og god plass utan prisnivået mange møter i dei største byane på Vestlandet.
Samstundes finst det både etablerte bustadområde, nye bustadfelt, leiligheter og moglegheiter for å byggja sjølv.
For mange familiar er dette ein av dei største fordelane med å flytta til Vindafjord: Det er enklare å finna ein stad å bu, og lettare å realisera draumen om eigen bustad.
Meir bustad for pengane
Meir plass til livet
I Vindafjord får du meir bustad for pengane enn i store delar av regionen
Medan gjennomsnittleg kvadratmeterpris ligg på rundt 21 000 kroner i Vindafjord, ligg tilsvarande nivå på om lag 28 000 kroner i Karmøy, 36 500 kroner i Haugesund, 58 000 kroner i Stavanger og 67 000 kroner i Bergen.
Det betyr at mange kan få større bustad, større tomt og meir uteplass utan å auke bustadbudsjettet. Samstundes ligg arbeidsmarknaden i regionen innanfor dagleg pendleavstand.
- Studielån – få sletta 25000,- kvart år.
- Eigedomsskatt – få tilskot som førstegongsetablerar.
Kva får du for 4 millionar kroner?
- Vindafjord: ca. 190 m²
- Karmøy: ca. 143 m²
- Haugesund: ca. 110 m²
- Stavanger: ca. 69 m²
- Bergen: ca. 60 m²
(Berekna ut frå gjennomsnittleg kvadratmeterpris)
FAMILIELIV, BARN OG UNGE
I Vindafjord kan barna veksa opp nær naturen og aktivitetane
Nær dei som betyr mest
Ein oppvekst med nærleik
I Vindafjord veks mange barn opp med kort veg til både barnehage, skule, fritidsaktivitetar og natur. Kommunen rommar åtte barnehagar, sju grunnskular og ein Montessoriskule spreidde rundt i bygdene, noko som gir mange familiar ein enklare kvardag.
Barna får ein oppvekst tett på lokalmiljøet, og mange foreldre trekkjer fram nærleiken mellom heim, skule og fritidsaktivitetar som ein av dei største fordelane med å bu her.
Det gir mindre logistikk og meir tid saman som familie.
Ni bygder og gode lokalsamfunn:
- Flott kulturhus, ny symjehall, idrettsanlegg, bibliotek, kulturskule og eit breitt tilbod av lag og foreiningar over heile kommunen . Idrett, frivilligheit og kultur står sterkt.
- 8 barnehagar og 463 barn i barnehage
- 7 grunnskular og 1 Montessoriskule. 1 127 elevar i grunnskulen
Fritid
Naturen som nærmaste leikeplass
Når arbeidsdagen er over, byrjar resten av livet.
Vindafjord har kilometer på kilometer med natur, fjordar, fjell, fiskevatn og turstiar
Her er det kort veg frå arbeidsdag til topptur
Samstundes finn du eit aktivt idretts- og kulturliv med tilbod for både barn, ungdom og vaksne
LES MEIR:
OPPLEV VAKRE VINDAFJORD

Kanskje er Vindafjord nærare enn du trur?
Mange flyttar hit fordi dei får meir bustad for pengane. Andre kjem for jobbmoglegheitene, naturen eller oppvekstmiljøet.
Dei fleste blir verande fordi dei oppdagar at dei ikkje treng velja mellom karriere og livskvalitet.
Klar for å utforska moglegheitene?
WELCOME HUB – HAUGALANDET
WelcomeHub hjelper deg med spørsmål om jobb, bustad, flytting og nettverk.

